Godzilla x Kong: The New Empire

Om filmen

Originaltittel: Godzilla x Kong: The New Empire

Premiere: 2024-03-27

Varighet: 1t 54min

Sjanger: Action, Thriller, Sci-Fi

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: Adam Wingard

Den episke kampen fortset! Legendary Pictures følgjer opp det eksplosive oppgjeret i «Godzilla vs. Kong» med eit heilt nytt eventyr som set den allmektige Kong og den fryktinngytande Godzilla opp mot ein uoppdaga trussel gjømt i vår verden, ein trussel som utfordrar deiras eksistens – og vår eigen. «Godzilla x Kong: The New Empire» fordjupar seg vidare i historia til desse titanane og deiras opprinning, så vel som mysteria til Skull Island, medan den avdekker den mytiske kampen som bidrog til å smi desse ekstraordinære vesena og knytta dei til menneska for alltid.

Regissør Adam Wingard står nok ein gong ved roret. Filmen har Rebecca Hall («Godzilla vs. Kong»), Brian Tyree Henry («Bullet Train»), Dan Stevens («Beauty and the Beast»), Kaylee Hottle («Godzilla vs. Kong»), Alex Ferns («The Batman») og Fala Chen («Shang Chi and the Legend of the Ten Rings») på rollelista. Manuset er skreve av Terry Rossio («Godzilla vs. Kong»-serien), Simon Barrett («You're Next») og Jeremy Slater («Moon Knight»), etter ei historie av Rossio & Wingard & Barrett, basert på karakteren Godzilla eigd og skapa av TOHO Co., Ltd.. Filmen er produsert av Mary Parent, Alex Garcia, Eric Mcleod, Thomas Tull, Jon Jashni og Brian Rogers. De utøvande produsentane er Wingard, Jen Conroy, Jay Ashenfelter, Yoshimitsu Banno, Kenji Okuhira. Wingard samarbeidar nok ein gong med fotograf Ben Seresin («World War Z»), produksjonsdesigner Tom Hammock («Godzilla vs. Kong»), klippar Josh Schaeffer («Godzilla vs. Kong»), kostymedesigner Emily Seresin («The Invisible Man»). Komponistene er Tom Holkenborg («Mad Max: Fury Road») og Antonio Di Iorio («Sonic the Hedgehog»-filmane). Warner Bros. Pictures og Legendary Pictures presenterer ein Legendary-produksjon, ein film av Adam Wingard, «Godzilla x Kong: The New Empire». Filmen distribuerast over heile verda av Warner Bros. Pictures, bortsett frå i Japan, der filmen vil verte distribuert av Toho Co., Ltd og på fastlands-Kina, der den vil verte distribuert av Legendary East.