Hildegunn & Leif-Per - Utan Kringkastingsorkesteret
Billettar
Om arrangementet
Hildegunn & Leif-Per Moltubakk gjer comeback!
Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er endeleg tilbake på norske scener! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist - ho er skilt, ho er blitt bestemor, ho har deltidsjobb på Cubus - og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vaskar ho framleis kleda til eksmannen sin, som har flytta i bobil.
Leif-Per har fått seg batteritaxi, og er framleis Søre Sunnmøres mest habile gitarist. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.
Gled deg til eit heilsprøtt show med musikk, komikk og dramatikk!