Jentetur

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: Jentetur

Premiere: 2022-10-14

Varighet: 1t 30min

Sjanger: Komedie

Originalspråk: Norsk

Regissør: Katarina Launing

Jentetur er ein ny og drøy komedie frå produsentane bak publikumssuksessen "Norske byggeklosser". Førebu deg på å bli flau når ein jentetrio legg ut på ein tur full av sjalusi, utruskap, kreative familiekonstallasjonar og ei byrjande midtlivskrise. Men heldigvis kan det meste både drikkast og liggjast bort. Eller kan det eigentleg det?.

Ei ufrivillig skilsmisse tvingar fram nye og kompliserte livssval for Linda (Janne Formoe). Eksmannen har funne seg ein nydeleg, yngre modell (Ida Ursin-Holm) som ikkje berre har tatt mannen frå henne, men også gradvis overtatt mammarolla for Linda si ti år gamle dotter. Samstundes er den nye kvinna i gang med totalrenovering av den koselege heimen som Linda ein gong la sjela si i. Ikkje nok med det - bestevenninna (Line Verndal) er i ferd med å bli den unge kvinna sin nye yndling. Desperate situasjonar krev desperate løysningar, og då tilbodet om ein jentetur brått blir slengt på bordet, innser Linda at ho må handle raskt for ikkje å miste bestevenninna også...