Jørn Hoel & Steinar Albrigtsen - NY dato!

Om arrangementet

 

Ny dato!
Dei som har kjøpt billett gjennom e-billet vil få tilsendt ny billett. For dei som har kjøpt billett i resepsjonen gjeld den gamle billetten.

To av landet sine mest kjente og kjære artistar er som gode viner; dei blir berre betre og betre med åra som går. No kjem dei til Førdehuset!

Etter vanvitige vellykka konserter for fulle hus, ståande jubel og toppscore frå kritikarane i sommar, gjenforeinast Jørn og Steinar for å underhalde nye og gamle fans. Dei levera både nostalgi og nyskapning. Deira mest kjente hitlåtar spelast side om side med gamle og nye covera som vi alle kjenner og har et forhold til. Saman med perkusjonisten Aleksander Pettersen skapar Jørn og Steinar eit akustisk, rytmisk og rått lydbilde som publikum kjennar, diggar og elskar.

Men det er ikkje berre musikken som vekkjar oppsikt; barndomsvenane er også kjent for sine forteljingsevner. Anekdotar frå eit langt liv som spelemenn, med sladder, skrøne og venlegsinna mobbing av og om kvarandre får salen til å måpe i vantru og brøle av latter – og sjølvfølgeleg ein og annan ekte eller tvilsam kjærleikserklæring til deia nordnorske opphav følgjer med.

Det er berre å byrja å glede seg til vinteren sin store musikalske, nostalgiske heilkveld!