Juleshow 2023
Billettar
Om arrangementet
Den gode, gamle gjengen er tilbake, og byr på eit splitter nytt juleshow!
Etter å ha sørga for at julekvelden har kome tidleg i sju år, inviterer Nils Vogt (supervikar for Øivind Blunck), Tor Endresen, Reidun Sæther, Trond Nagell-Dahl og Erling Solland til ei heilt ny framsyning i 2023.
Men sjølv om showet er nytt, er det sjølvsagt laga med dei gode, gamle ingrediensane. Det blir latter, storslagne musikalske opplevingar og magiske augneblikk.
Eit lite tips etter fjorårets suksess: Skaff deg billettar før det blir utseld. Ikkje eingong verdens beste magikar kan trylle fram ein billett til Juleshow 2023 viss du er for seint ute.
God jul, alle saman. Vi sjåast!!!
Nils Vogt troppar inn som vikar for Øyvind Blunck
Øivind Blunck er dessverre sjukemeldt, noko som betyr at han ikkje får vere med på «Juleshow 2023».
Den populære framsyninga vil likevel gå som planlagt. I Bluncks sjukefråvær tar nemleg den folkekjære skodespelaren og artisten Nils Vogt rolla som supervikar.
Det betyr at Reidun Sæther, Tor Endresen, Trond Nagell-Dahl og Erling Solland får med seg ein av landets aller fremste entertainere når dei skal ut og lage julestemning for det norske folk i år.
Nils Vogt debuterte for over 50 år sidan, og har sidan gjort stor suksess både på scena og skjermen. Ikkje minst har han briljert med sitt komiske talent i fleire farsar og TV-seriar, noko som blant anna har resultert i Komiprisens heiderspris.
Øivind Blunck sjølv gleder seg til det tradisjonsrike juleshowet, sjølv om det berre blir som publikummar denne gong. I 2024 er han tilbake på scena med si jubileumsframsyning «Circus Blunck», som spelast på Chat Noir i april.
Reidun Sæther
Det er snart ti år sidan Reidun Sæther for alvor slo gjennom med sin eineståande innsats i «Stjernekamp» på NRK. Men allereie før det var ho ein etablert artist her i Norge. Ho har vore med i Grand Prix, opptredd i store TV-show og hatt sentrale roller i musikalar som «Cats», «Trollmannen frå Os», «Jungelboken» og «Les Misérables». Vi må heller ikkje gløyme turnéane med Øivind Blunck, som har hausta strålende kritikkar.. «Stemmen fra heaven» er ein artist av internasjonalt format med eit bredt register. Det er ei oppleving å være vitne til at ei einslig stemme kan romme så mykje.
Tor Endresen
Tor Endresen var allereie ein etablert artist i musikk-Norge då han fekk sitt kommersielle gjennombrot som syngande bartender i NRK-programmet «Lollipop» på starten av 90-tallet. Sjeldan har vi vel hatt ein meir folkekjær bergensar, men det skyldast nok hans mjuke røyst som får kvar ein skarre-r til å smelte i øyrene. Tor har vore med i Melodi Grand Prix heile 12 gongar, og er mannen Disney ringer til når slagarar frå dei store teiknefilmane skal syngast på norsk. Men Endresen har ikkje berre ein fantastisk stemme, han har og eit stort skodespelartalent og er i tillegg veldig morosam. Bare vent å sjå!
Erling Solland
The Magic Man har trylla sidan han var gutunge, og når han no feirar 40-årsjubileum som artist har han blitt en tryllekunstnar og illusjonist i internasjonal toppklasse. Erling har vore profesjonell sidan 1983 og er prislønna både her heime i Norge og i det store utland. Den allsidige magikaren har stått på alle landets største scener, fram for eit like begeistra og måpande publikum kvar gong. Sjeldan har vel ordet magisk vore meir treffande på eit show.
Trond Nagell-Dahl
«Tangent 007», som Blunck kallar han, har akkompagnert det norske folks fredagskos i snart eit kvart århundre. Men "Beat for Beat»-legenda med dei karakteristiske lokkane rekker faktisk også å trykke på både dei kvite og svarte tangentane for andre artistar mellom opptaka– som for eksempel Øivind Blunck. I tillegg har fleire av landets største band hatt gleda av å ha Nagell ved klaveret. Humør og glimt i auget er spesialtangentens kjennemerke – til publikums store glede.
Middag og show
Middag på Pikant før showet. Kokken på Pikant lagar ein 2 retters meny med inspirasjon frå jula sine smakar og krydder slika t du sparar tradisjonsmaten til julekvelden. Det vert servert hovudrett og dessert. Ved allergi eller diett, ta kontakt med Pikant. Begrensa tal billettar.