03 - P - 1919 Hogh Ground A.png

1919 High Ground

«High Ground er både vakker og brutal film. Den naturlige skjønnheten til Australias landskap står i kontrast til den grusomme behandlingen av aboriginene i dette historiske dramaet.» Cinema, terningkast 6

Etter lang produksjonstid kjem endeleg filmen som tek for seg Australia si blodige historie om ein massakre av Yolngu-stammen i 1919.
I 1919 var mange australierarar komne heim etter første verdskrigen. Dei sette kursen nordover for å skape seg ei framtid i dei nordlege territoria. High Ground fortel historia om den tidlegare skarpskyttaren Travis som motviljug vert patruljeoffiser i fjernliggande Arnheim Land.
Travis og mennene hans skal utføre ein fredeleg operasjon for å fange bandittar. Travis er ein av dei få som har respekt for landet sine innfødde innbyggjarar og det faktum at mennene hans er på deira territorium. Men på grunn av politimann Eddy og den kløande utløysarfingeren, blir ei vakker lagune snart åstad for ein nådelaus og blodig massakre. Når hans overordna insisterer på å dekke over kva som har skjedd, sluttar Travis i avsky, men vert tvungen attende tolv år seinare………..