09 - P - a-ha The Movie.jpg

a-ha The Movie

a-ha The Movie følgjer Morten Harket, Pål Waaktaar-Savoy og Magne Furuholmen på turnè. Samstundes fortel den historia om tre tenåringar som drøymde om å bli verdskjende popstjerner. Då "Take On Me" toppa Billboard-hitlista i 1985, vart draumen oppfylt. Framleis er det svært populære, 35 år etter gjennombrotet.  Med unik tilgang på bandet i notid, samt bruk av ukjend arkivmateriale, fortel filmen korleis tre svært ulike kreative personlegdomar gjeve oss stor musikk og internasjonal suksess. Men filmen syner og korleis skyhøge musikalske ambisjonar har ført til konflikt og trøblete venskap i fleire tiår. Kan dei igjen skape musikk saman?