02 - P - Alita.jpg

Alita: Battle Angel - 2D

Når Alita (Rosa Salazar) vaknar i ei framand verd utan å hugse kven ho er, blir ho tatt hand om av Ido (Chrisoph Waltz), ein empatisk lege som ser at ein stad inne i den forlatte cyborga er hjartet og sjela til ei ung kvinne med ei ekstraordinær fortid. Etter kvart som Alita lærer å navigere i sitt nye liv og i dei forrederiske gatene i Iron City, forsøker Ido å skjerme ho frå hennar mystiske fortid, medan hennar nye venn Hugo (Keean Johnson) i staden hjelper ho med å vekke minna. Men det er kun når dei onde og korrupte maktene som styrer byen kjem etter Alita at ho oppdagar eit hint til hennar fortid - ho har unike krefter som dei som står med makt vil gjere alt for å kunne kontrollere. Dersom Alita held seg unna, kan ho vere nøkkelen som kan redde venene, familien, og den verda ho har blitt  glad i.