03 - P - Alle må dø.jpg

Alle må dø

Den unge venninnegjengen ser fram til å overraske den gode venninna si med eit utdrikkingslag på ei hytte dei har leigd i Nordmarka, langt vekke frå naboar og den vanlege støyen frå byen. Den komande brura vert «kidnappa» og festen er i gang. Temaet for utdrikkingslaget er skrekkfilm, og komiteen har gjort klart eit skummelt program for helga, saman med brura sin trulovar og fleire ekskjærastar. Etter kvart innser dei at fantasien deira ikkje var i nærleiken av det helga faktisk skulle bringe, og snart er det ein brutal kamp på liv og død.

Filmskaparen set stemninga tidleg og sjølv i rolege periodar kjenner ein at det ligg noko udefinerbart på lur. Du veit det kjem, men berre ikkje når. Og filmen lever så til dei grader opp til tittelen, på same tid som det ikkje er slik du trur. Dette er ein film du bør sjå før venegjengen skal samlast på hytta att, om du torer…..