DATO | TID | TITTEL | PRIS | SAL | SENSUR | KATEGORI | BILLETT |
---|---|---|---|---|---|---|---|
ty 13 apr | 20:00 | Ammonite | 120 | LISJESALEN | (12 år)U/Vaksne | Film | Kjøp billett |
on 14 apr | 18:30 | Ammonite | 120 | LISJESALEN | (12 år)U/Vaksne | Film | Kjøp billett |
lau 17 apr | 17:30 | Ammonite | 120 | LISJESALEN | (12 år)U/Vaksne | Film | Kjøp billett |
ty 13 apr20:00120 |
Kjøp billett | |
on 14 apr18:30120 |
Kjøp billett | |
lau 17 apr17:30120 |
Kjøp billett |
Ammonite
Ei utruleg vakker og djupt rørande historie om forboden kjærleik.
På 1840-talet jobbar den anerkjende og sjølvlærte paleontologen Mary Anning åleine langs den ville og brutale sør-engelske kystlinja ved Lyme Regis. Ho har tidlegare oppdaga fleire viktige dinosaurfossil, no leitar ho etter alminnelege fossil som ho kan selje til rike turistar for å kunne forsørgje seg sjølv og mora.
Ein dag kjem turisten Roderick Murchison til Lyme som første stopp på ei europeisk reise saman med den unge kona si, Charlotte. Charlotte har nyleg vore gjennom ei personleg tragedie som ho slit med å komme seg over. Roderick overlater Charlotte til Mary som ikkje har råd til å si nei, men stolt og lidenskapeleg oppteken av arbeidet sitt oppstår det konflikt mellom henne og Charlotte. Dei er to kvinner frå heilt ulike verd.
Til tross for det store gapet mellom deira sosiale sfære og personlegdom oppdagar Mary og Charlotte at dei kan gi kvarandre noko dei begge har lengta etter: å forstå at dei ikkje er åleine.
Dette er starten på ein lidenskapeleg og altoppslukande kjærleiksaffære som vil sprenge alle grenser og som vil endre livet deira for alltid.
