«Andsnes & Oslo-Filharmonien spiller Mozart på Festspillene i Bergen 2020»

Mozarts meisterlege pianokonsertar.
På denne konserten avsluttar hundreårsjubilanten Oslo-Filharmonien Festspela i Bergen 2020 med eit reint Mozart-program. Solist og dirigent er Leif Ove Andsnes, som leiar orkesteret frå pianoet i Oslo Konserthus.

Saman framfører dei Mozart sin pianokonsert nr. 20 og 21 og hans første pianokvartett. Alle tre verka blei til i perioden 1785–1786, då komponisten var midt i ei veldig kreativ periode som skulle endre pianokonserten for alltid. I løpet av to år skreiv Mozart ein serie meisterverk i sjangeren, der han såg på solisten og orkesteret sine roller på nytt og skapte uante muligheiter for kommunikasjon og dialog mellom musikarane.

Pianist Leif Ove Andsnes har hatt eit fleirårig prosjekt med innspelingar og internasjonale turnèar med utgangspunkt i desse to særs produktive åra i Mozart sitt liv.

Oslo-Filharmonien feira sine første hundre år sesongen 2019/2020, og markerte blant anna jubilèet med ein internasjonal turné saman med nettopp Leif Ove Andsnes.
Konserten med Oslo-Filharmonien og Leif Ove Andsnes runda av eit spesielt festspill, og mottok glitrande kritikkar i media. Dette er den første norskproduserte konserten som vert distribuert til norske kinogjengarar.

«Resultatet er en musikalsk berg-og-dal-bane der musikken går på skinner fra buldrende dyp til hylende høyder. En mer enn verdig avslutning for årets heldigitale festspill i Bergen, med andre ord.» – AFTENPOSTEN

01 - P - Andsnes A.jpg