Astrup - Flammen over Jølster

Endeleg er det klart for Førpremiere av «Astrup - Flammen over Jølster» Vi får besøk av regissør Pål Øie og produsent Einar Loftesnes. Dei presenterer filmen og er tilgjengeleg for spørsmål etter framsyninga.
«Nikolai Astrup skulle vært like berømt som Edvard Munch, men verden synes å ha glemt ham - frem til nå», The Guardian 2016.
Thure Lindhardt («Broen») personifiserer Nikolai Astrup (1880-1928), ein av Noreg sine største biletkunstnarar i ei storslått biografisk ferd gjennom Nikolai Astrup sitt liv og inspirasjonen bak dei mest kjende bileta hans
Den unge Nikolai gjer opprør mot sin pietistiske prestefar, medan mentor, kommunisten Anton Fond inspirerer han til å reise ut i Europa for å lære. I Paris foraktar han moteriktige målarkollegaer og finn sin eigen stil. Etter eit halvt år med studiar og eit utsvevande liv reiser han våren 1902 heim att til Jølster. Her forset han å la seg inspirere av lokale tradisjonar, overtru og heidenske skikkar. Dei fargesterke skildringane av Vestlandet sin frodige natur og folkeliv har vore folkeeige i generasjonar. Dei ikoniske midtsommarnattbileta med jonsokbål, livsglede, dans, alkohol og erotikk er salt i sår for prestefaren og pietistane i bygda. Når han giftar seg med den 15 år gamle Engel blir det reaksjonar, men Nikolai og Engel bryr seg ikkje om sladderen. Dei får 8 born, og med eigne hender byggjer dei Astruptunet som blir motiv for mange av bileta hans.
Astrup - Flammen over Jølster tek oss med på ei ferd gjennom Nikolai Astrup sitt liv og inspirasjonen bak dei mest kjende bileta hans, frem til han døydde alt for tidleg i 1928.

09 - P - Astrupposter_1080x1920_dato.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 23 okt 18:30 Astrup - Flammen over Jølster 110 STORSALEN 12 år Film Kjøp billett
to 24 okt 16:00 Astrup - Flammen over Jølster 110 LISJESALEN 12 år Film Kjøp billett