Barn

Når blir ein eigentleg vaksen?

BARN skildrar dei dramatiske etterdønningane av ei ulykke på ein barneskule i utkanten av Oslo. Det er friminutt og Lykke, den 13 år gamle dottera til ein profilert Arbeiderparti-politikar, skadar klassekameraten Jamie, son til ein framtredande Frp-politikar. Rykta om kva som eigentleg har skjedd byrjar å gå. Var det berre uskuldig leik? Liv, rektor på skulen og hemmeleg kjærast med far til Jamie, må finne styrke til å konfrontere lokalsamfunnet og til å takle sine eigne motstridande kjensler.

BARN handlar om kva barn betyr for samfunnet i dag: Kva det vil sei å ha, og å vere barn. Og i forlenginga av det - kva det vil si å vere vaksen.

BARN er eit varmt og gripande drama frå Dag Johan Haugerud, regissøren av den kritikarrosa Som du ser meg.

 

09 - P - Barn X.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 26 sep 18:45 Barn 110 LISJESALEN 9 år Film Kjøp billett

Barn

to 26 sep18:45110

Kjøp billett