09 - P - Blinded.jpg

Blinded by the light

Frå regissøren av Bend it like Beckham får vi ein rørande og inspirerande film basert på dei tidlause songene til Bruce Springsteen.

Når ein klassekamerat introduserer han til «The Boss», ser Javed parallellar med sitt eige arbeidarklasseliv i Springsteen sine kraftige tekster, og byrjar deretter å uttrykkje seg i si eiga unike stemme.

"Blinded by the Light" er ei historie om mot, kjærleik, håp, familie og den unike evna musikken har til å lyfte menneske. Filmen fortel historia om Javed, ein tenåring frå Pakistan som veks opp i byen Luton, England i 1987. I ei tid fylt av rasespørsmål og økonomisk uro skriv han dikt som eit middel for å sleppe unna intoleranse og uvisse.