03 - P - Bloodshot.jpg

Bloodshot

Vin Diesel spelar Ray Garrison, ein soldat som nyleg vart drepen i aksjon og gjenoppliva som superhelten Bloodshot av selskapet RST.

Med ein hær av nanoteknologi i årane er han ustoppeleg – sterkare og i stand til å lækjast med det same. Men RST kontrollerer meir enn styrken hans, dei har også kontroll over psyken og minnet. Ray veit ikkje lenger kva som er ekte, men han er på veg til å finne ut av det.