04 - P - Britt-Marie var her.jpg

Britt- Marie var her

Britt-Marie var her handlar om den pertentlege Britt-Marie som akkurat har forlete ektemannen gjennom 40 år, og for fyrste gang blir arbeidssøkjande. Problemet er at den eineste jobben ho kan få er som vaskehjelp og fotballtrenar i Borg, ein stad hardt ramma av finanskrisa. Britt-Marie hatar fotball, men når den lokale ungdomsklubben desperat treng ein ny trenar og er villige til å gje jobben til kven som helst, då ser Britt-Marie sin sjanse! Då ho i tillegg blir invitert på date av ein lokal politimann, finst det ingen vei tilbake.

 

 Britt-Marie var her er ein fornøyeleg film bygd på romanen ved same namn, skriven av Fredrik Backmann. Backmann er mest kjend for romanen "En mann ved navn Ove", som også gjorde stor suksess på lerretet.