10 - Brødrene.jpg

Brødrene & gruvefjorden

Anders og Bjørnar Neteland presenterer filmen og inviterer til diskusjon etter framsyninga

 

Brødrene Anders og Bjørnar Neteland undrar seg over at det er gitt løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Kven kan garantere at dette er trygt?
Kva med fisken, den reine fjorden og den flotte naturen? Til tross for at Miljødirektoratet peikar på klåre ulemper for miljøet gir departementet løyve for gruvedrift, fordi dei finn ei rekkje positive effektar for samfunnet. Fordelane ved prosjektet er i hovudsak ein omsetnad på 3,9 milliardar kroner og eit gjennomsnittleg bidrag til bruttonasjonalproduktet på 430 millionar i året. Gruvedrifta vil gi rundt 170 nye arbeidsplassar i prosjektperioden.
På jakt etter kunnskap som kan roe brødrene om at dette er trygt, blir dei stadig meir uroa over at pengar og arbeidsplassar nok ein gong trumfar natur og miljø.