11 - P - Coda.jpg

Coda

Sytten år gamle Ruby (Emilia Jones) er den einaste høyrande i ein elles døv familie. Ho er det som kallast ein CODA - Child Of Deaf Adults. Ein stor del av Ruby sitt liv dreiar seg om å være omsetjar for foreldra sine (Marlee Matlin, Troy Kotsur), og å jobbe på familien sin fiskebåt kvar dag før skuletid saman med far sin og bror (Daniel Durant). Men då Ruby blir med i skulekoret, oppdagar ho eit musikk- og sangtalent utanom det vanlege,og samstundes fell ho for sin sangpartnar Miles (Ferdia Walsh-Peelo). Då ho deretter blir oppmuntra av musikklæraren til å søkje om studieplass på ein prestisjefylt musikkskule, blir Ruby sett i ein vanskeleg og emosjonell skvis mellom pliktkjensle ovanfor den døve familien sin, og ei brennande lyst til å følgje sine eigne draumar.