04 - Fakiren-Instagram-1400x1400-001_2-150x150.jpg

Den Fantastiske Reisen til Fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap

Aja har levd heile livet i Mumbai. Han opptrer på gata, svindlar turistar og folk trur at han har spesielle magiske krefter. Når mora døyr, dreg han til Paris for å finne far sin. Men først må han på Ikea som han har drøymt om sidan han var liten. Der forelskar Fakiren seg i fortryllande Marie, blir låst inne i eit garderobeskåp som vert ekspedert til Storbritannia, seinare i ein Louis Vuitton-koffert, ein varmluftsballong i Tripoli og ein flyktningeleir i Libya. På vegen møter han den sudanske flyktningen Assefa i ein lastebil og knyter varig venskap. Men Aja håpar å komme seg attende til Paris og sin kjære Marie…

 

 

 

 

 

 

 

«Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et IKEA-skap» er basert på den bestselgande boka av Romain Puértolas – ei underhaldande og livsbejaande skrøne som har teke heile Europa med storm – omsett til heile 35 språk. Med eit bodskap om større forståing og meir omtanke for våre medmenneske.