DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 21 jan 20:10 Den største forbrytelsen 130 LISJESALEN (12 år) U/V Film Kjøp billett

Den største forbrytelsen

«Den største forbrytelsen» er ein storslått og dramatisk film basert på ei sann historie som strekkjer seg frå 30-tallet til fredsdagane i 1945. Fortellinga om familien Braude står i sentrum for handlinga i filmen. Ein vanleg norsk arbeidarfamilie som heilt fram til desse skjebnesvangre dagane hadde levd sine liv trygt på Grünerløkka. Der levde dei med draumane sin om livet og ambisjonar for framtida, men lagnaden vart bestemt utifrå det faktum at dei var jødar…

26. november 1942. Etter ordre frå den tyske okkupasjonsmakta blir det sett i gong ein storstilt politiaksjon over heile landet. I Oslo er over 300 politifolk, hirden og NS medlemmar kalla inn. Over 100 drosjer er rekvirert til oppdraget. Alle jødiske kvinner, born og eldre skal deporterast. Det same gjeld dei som er på sjukehus. Det finnast ikkje unntak for nokon.

11 - P - Den største forbrytelsen.jpg