07 - P ny MARADONA_NO_POSTER_A4 WEB HIGH RES.jpg

Diego Maradona

Menneske. Rebell. Helt. Gud.

Dette er den avsluttande filmen i regissør Asif Kapadia sin trilogi om popularitet, talent og destruktive krefter. Dei to første filmane hans har hausta både Bafta (Senna) og Oscar (Amy).

Denne gongen er det ei av tidene sine største fotballstjerner som vert portrettert – Diego Maradona. Den eventyrlege vegen mot toppen, og det store fallet.
Maradona kjem til Napoli 5. juli 1984 og set rekord for den dyraste overgangen i fotballen si historie. Han leiar Napoli inn til sin første tittel nokon gong, og syt for at laget og byen får eit skikkeleg løft. Han er Maradona. Han er Gud i djevelen sin by.
Dette er den ville og ugløymelege historia om eit heilt unikt talent – historia om menneske, rebellen, helten og guden som er Maradona. Ei historie om ære, fortviling og forræderi, om korrupsjon og – til sist – frelse.