Dronningens corgi

Møt yndlingshunden til Dronning Elisabeth - Rex!
Heilt sidan corgi-hunden Rex ankom Buckingham Palace har han levd eit liv i luksus. Som kronhund og dronninga sin soleklare favoritt har han lagt til seg ei nokså irriterande og arrogant haldning. Då han ein dag klarer å klosse det skikkeleg til under ein diplomatisk middag på slottet mellom kongefamilien i England og USA sin president Donald Trump, blir det rabalder.
Etter å ha blitt lurt og svikta av ein av sine eigne, finn Rex seg sjølv aleine og heimlaus ute på gatene i London. Etter kvart blir han plassert i ein ekkel kennel for hundar som absolutt ikkje er av kongeleg adel! Korleis kunne dette skje!? Rex innser sakte, men sikkert at han må endre haldningane sine, og at dei nye venene hans i kennelen faktisk ikkje er så verst. Gjennom nye vennskap og erfaringar starter han på ei reise mot å bli ein betre hund, og for å finne heimatt til slottet og til si kjære dronning igjen.
Dronningens corgi er ein artig animasjonsfilm for heile familien, med den britiske kongefamilien og dei sjarmerande corgi-hundane deira i hovudrollane!

02 - P - Dronningens Corgi.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 01 mar 16:30 Dronningens corgi 100/110 STORSALEN 6 år Film Kjøp billett

Dronningens corgi

sø 01 mar16:30100/110

Kjøp billett