03 - P - Dumbo.jpg

Dumbo 2D - orginal tale (norsk tekst)

Frå Disney og den visjonære regissøren Tim Burton (Alice in Wonderland, Charlie and the Chocolate Factory) kjem den høgt verdsette klassikaren Dumbo i ei heilt ny drakt og som live-action, der ein feirar ulikskapar, familien er elska og draumane får flyge!
I sirkuset vert det fødd ein elefant med så store øyro at han vert gjort til latter. Sirkus-direktøren let den tidlegare sirkusstjerna Holt Farrier og ungane hans få ansvaret for elefantungen. Men når dei oppdagar at Dumbo kan flyge når populariteten til sirkuset nye høgder og trekkjer til seg merksemda til den slue forretningsmannen V.A. Vandevere.

Han vervar den særeigne elefanten til den nye og fantastiske fornøyelsesparken sin, Dreamland. Dumbo svevar høgt saman med den sjarmerande og spektakulære akrobaten, Colette Marchant, - heilt til Holt oppdagar at under overflata på Dreamland gøymer det seg mørke løyndomar...