12 - P - Elleville Elfrid.jpg

Elleville Elfrid

 

Bli med Elleville Elfrid ut på nye eventyr!
Elleville Elfrid vil lage (eit spektakulært) sirkus på Soltoppen for bestevennen sin Henrik. Eit magisk trylletriks er under planlegging, men då tøffe Johnny flyttar inn i nabolaget endrar alt seg. Henrik er imponert over den nye guten og alle dei kule leikane hans, men Elfrid kjenner seg utanfor. Då Elfrid pressar Henrik til å velje bestevenn, rømmer han heimanfrå. No må Elfrid og Johnny samarbeide. Ho vil redde sirkuset, men det aller viktigaste er å redde vennskapet med Henrik.

Ein varm og morosam familiefilm full av fart og eventyr, der tre born på sykkeltur oppdagar kor magisk vennskap kan vere.

}