03 - P - Emma.jpg

Emma

Av alle Jane Austen sine romanfigurar, er Emma ein av dei aller mest sjarmerande - og utspekulerte. No er ho tilbake i ei ny filmatisering med eit fantastisk skodespelargalleri. Emma Woodhouse (Anya Taylor-Joy) er vakker, smart og rik, men har ingen planar om å slå seg til ro med ein mann. I staden leikar ho Kirsten Giftekniv for alle ho kjenner, noko som ikkje alltid har like heldige utfall. Men som Emma også snart vil finne ut, kan kjærleiken ramle inn i livet når ein aller minst ventar det.