08 - P - Fast & Furious.jpg

Fast & Furious: Hobbs & Shaw

To av verda sine største actionstjerner, Dwayne Johnson og Jason Staham, tek Fast & Furious-karakterane sine; Hobbs og Shaw, til kinolerretet i sin eigen film. Handlinga føregår to år etter The Fate of the Furious (Fast 8). Luke Hobbs og Deckard Shaw hater kvarandre meir enn pesten, men blir tvinga til å samarbeide når cyberterroristen Brixton Lore (Idris Elba) trugar med å sleppe laus eit virus som kan utslette alle menneske. Oppdraget vert ikkje mindre komplisert av at MI6-agenten, Hattie Shaw (Vanessa Kirby), som er på saka, også er Deckards søster. Ein hardtslåande actionfest full av komikk og spektakulære stunts.