DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 23 sep 18:30 First Cow 120 LISJESALEN (A) Vaksne Film Kjøp billett

First Cow

to 23 sep18:30120

Kjøp billett

First Cow

Oregon, 1820-tallet: Den reisande kokken Cookie og den ambisiøse kinesaren King-Lu møtest tilfeldigvis under gullrushet, og før dei veit ord av det har dei både eit usvikeleg vennskap og ein uslåeleg forretningsplan: Med melk stolen frå den første – og einaste – kua i Oregon startar dei produksjon av bakevarer som kan måle seg med det beste frå Europa.

Kakene vert straks ein suksess, men etter kvart som rykta om dei himmelske munnfullane spreiar seg, blir det vanskeleg å halde dei nattelege melketjuvane skjult frå kua sin rike og mektige eigar.

 

Kelly Reichardt er ein av vår tids mest særprega og unike amerikanske filmskapar, og har brukt si karriere til å skildre livet i det nordvestre USA. FIRST COW er ikkje bere ein varm og djupt humanistisk skildring av eit usannsynleg vennskap mellom to outsidere i ei tid då det moderne USA begynte å ta form – den er også ein av dei mest kritikerroste filmane på lenge. Gå ikkje glipp av denne lune, intelligente og usedvanleg sjarmerande perla av ein film frå regissøren av MEEK’S CUTOFF og CERTAIN WOMEN.

 

«En nydelig film, med kloke, morsomme og rørende observasjoner av myke menn i det ville vesten» - NRK Filmpolitiet, terningkast 6

«Årets beste vennskap på film» - Dagbladet, terningkast 6

«Glitrende indie-perle fra pionertiden» - Cinema, terningkast 6

«En forfriskende sakte western» - Aftenposten, terningkast 5

«Kua mi, jeg takker deg» - VG, terningkast 5

«Fin, ettertenksom og imponerende» - Filmfront, terningkast 5

«En av årets beste» - 730, terningkast 5

«Ein utopisk venskap. Regissør Kelly Reichardt et filmens Balzac» - Klassekampen, terningkast 5

«En film om hvor det visuelle uttrykket er vel så viktig som historien som fortelles» - Aftenbladet, terningkast 5

«Original western med baking» - Adressa, terningkast 5

«Et mesterverk! First Cow må ses på kino!» - Montages

«En sjeldent ambisiøs westernfilm» - Vårt Land

«Et under av en film» - Sørensens Filmservice

«En vakker og fortryllende kinoopplevelse om overlevelse og vennskap» - Kinomagasinet

09 first cow plakat Stående.jpg