02 - P - Flukten over grensen.jpg

Flukten over grensen

Det er desember 1942, og fire born er på flukt. Sarah og Daniel er jødar og skal sendast ut av landet. Dei har gøymt seg i kjellaren til Otto og Gerda sin familie, men no er dei oppdaga og foreldra er blitt arrestert. Otto og Gerda bestemmer seg for å hjelpe sine nye vener. Gjennom snøtunge skogar flyktar dei fire borna frå tyske soldatar. Målet er å kome seg til Sverige. Det blir ein flukt på liv og død. Heldigvis møter dei gode hjelparar undervegs. Men kven kan dei eigentleg stole på?


Historia har blitt fortalt igjen og igjen, på film, bøker, i aviser, men alltid for vaksne. Endeleg kjem ein film frå krigen for heile familien! Dette er ein spennande, rørande og tankevekkande historie basert på historiske hendingar. Flukten over grensen er ein spenningsfilm om tillit og vennskap, om frykt, og om stort mot hos små menneske. Suksessforfattar Maja Lunde har sjølv skrive manuset til filmenbasert på den prislønna boka hennar frå 2012.  

 

 

}