04 - P - Flumlene B.jpg

Flumlene

Flumlene er søte og lodne små dyr som er forma som smultringar og bur på Galapagos. Ved ein fantastisk tilfeldigheit reiser flummelsyskena Op og Ed 1835 til dagens Shanghai. Her ser dei for fyrste gong trafikk, får smaken på hurtigmat, møter høgteknologi og verst av alt - dei oppdagar at heile flummelarten er utrydda! No er det opp til det umake paret å redde seg sjølv og alle artsfrendane sine. For dersom ein kan reise framover i tid kan ein vel kunne reise bakover også? kven veit, kanskje dei til og med kan endre historia....