03 - P - Geparden Maleika.png

Geparden Maleika

Naturen er nådelaus! Men ingenting er sterkare enn ein kjærleik utan vilkår frå ei mor til dei kjære barna sine.
Skodespelaren Marianne Sand har forteljarstemma i denne sjarmerande filmen. Geparden Maleika får ikkje mindre enn 6 born denne gongen (normalt får dei 3-4); Martha, Malte, Mirelèe, Marlo, Mia og Majet. Vi er så heldige å få følgje dei i medgang og motgang, frå borna blir født, til dei forlet «redet». Maleika er 2 år gammal når hun føder dette kullet. I tidlegare kull klarte berre ein av dei det til vaksen alder. Denne gong lykkast det heldigvis betre for Maleika.
Dei bur i det fantastiske landskapet i Masai Mara naturreservatet. Her opplever gepard-familien eventyrlystne, vanskelege og morosame augneblikk i kampen for å overleve. Kunstnaren og naturfotografen Matto Barfuss følgjer Maleika og familien i 3 år. No får vi ta eit uvanleg intimt innblikk i livet til denne ekstraordinære gepard familien.