11 - P - Gledelig Jul.jpg

Gledelig Jul

Annemor og Frank gler seg over at barn og barnebarn skal feire jul heime på garden for første gang på ti år, men det går ikkje heilt etter planen. Dottera Tessa har bytta ut sambuaren Emma med ein slesk, svensk fitness-trenar, mens sonen Samuel er på randa av ei skilsmisse på grunn av ein glutenallergisk hund. Barnebarnet Petter prøver å fri til den vakraste jenta på skulen, på hebraisk, og naboen Nils er døden nær.

Her må ein manøvrere mellom små og store katastrofar for å halde familien samla, men akkurat då julefreden senkar seg kjem ein gammal løyndom til overflata.
Blir det familien si siste jul saman?