Green Book

Ein italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein afro-amerikansk klassisk pianist og saman reiser dei på turné gjennom sørstatane i Amerika.              BT: Hvis du likte «De urørlige», vil du elske «Green Book»
Aftenposten: «Green Book» er feelgood av beste merke

Vinnar av 3 Golden Globes: beste film (komedie/musikal), beste manus og beste bi-rolle. Nominert til ei rekkje Oscar.  

 Året er 1962, og nattklubbverten/utkastaren Anthony "Tony Lip" Vallelonga står brått utan jobb. Han får tilbod om eit uvanleg oppdrag der han skal køyre musikaren Dr. Don Shirley på turnè i to månader gjennom dei djupaste amerikanske sørstatane. Tony blir så overraska over at doktoren er afroamerikanar og ikkje det han meiner er ein vanleg doktor, at han fyrst er skeptisk til å ta jobben, men løna er for god til å takke nei. Dr Shirley er ein høgt utdanna, sofistikert kunstnar som snakkar fleire språk, har tre doktorgradar og er ein kjent musikar, medan Tony er ein familiekjær, italienskætta mann frå gata med ein tendens til å hamne i bråk og med ein kjærleik for rock'n roll og fritert kylling. 

 

 

02 - P - Green Book.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 24 feb 17:50 Green Book 110 LISJESALEN 9 år Film Kjøp billett

Green Book

sø 24 feb17:50110

Kjøp billett