11 - P - Håp.jpg

Håp

Filmen hadde verdspremiere på Toronto Internasjonale filmfestival og fekk strålande mottaking!
«A melancholy, highly satisfying drama» - Hollywood Reporter
Anja lever med sambuaren Tomas i ein storfamilie med felles barn og stebarn. På vesle julaftan får ho ein uhelbredeleg diagnose. Åleine med sorga og redsla, erkjenner Anja nødvendigheita av Tomas si fulle hjelp og støtte. I løpet av ei juleveke vert paret kasta inn i eit lynkurs i gjensidig tillit og felles kamp for å takle ein uventa og for tidleg død. Kan dei i denne krisa lære å elske kvarandre igjen etter eit langt samliv?
Filmen er basert på regissøren si sjølvopplevde historie.