04 - P - Hellboy.jpg

Hellboy

Superheltfilmen Hellboy er eit reboot av forteljinga om den djevelske helten Hellboy, basert på Mike Mignolas teikneserie.

Denne gongen reiser den raude demonen til England, der han skal ta opp kampen mot heksa Nimue the Blood Queen.

'Stranger Things'-skodespelaren David Harbour tek over hovudrolla frå Ron Perlman, som har spelt superhelten i dei to fyrste filmane Hellboy og Hellboy II: The Golden Army.
Den nye filmatiseringa følgjer den nyaste tendensen i superhelt-verda, og filmen er venta å få ein R-rating, som både Deadpool og Logan har hatt stor suksess med.