06 - P - Hotel Mumbai.jpg

Hotel Mumbai

Hotel Mumbai handlar om den dramatiske historia om terrorangrepet som skjedde i 2008, på det kjende og tradisjonsrike Taj Hotel i den indiske byen Mumbai.
Blant dei modige medarbeidarane på hotellet, møter vi den kjende kokken Hemant Oberoi og kelneren som risikerer livet sitt for å beskytte hotellet sine gjester.
Medan heile verda ser på, blir eit desperat par nøydd til å gjere det utenkjelege for å beskytte det nyfødde barnet deira.
Hotel Mumbai tek sjåarane inn i sjølve episenteret av angrepet. Filmen viser motet og viljestyrken til heilt vanlege menneske frå alle samfunnslag, når dei blir stilte overfor eit nesten uverkeleg mareritt, og må klare å stå saman når det verkeleg trengst. Med si gripande og realistiske framstilling, viser filmen menneska som klarte å overstråle tragedien i Mumbai.