DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 28 okt 18:00 Husnissene - Operasjon bakverk 110 LISJESALEN Alle Film Kjøp billett
sø 01 nov 16:30 Husnissene - Operasjon bakverk 110 LISJESALEN Alle Film Kjøp billett

Husnissene - Operasjon bakverk

I denne filmen møter vi ikkje julenissen, men husnissane frå gamal folketru som beskyttar og hjelper andre. Nissane har i mange år levd eit skjult liv under bakken, men no har den vesle husnissejenta Elfrid bestemt seg for at ho vil sjå kva meir livet har å by på.

Saman med sine to venner, husnissegutane Kipp og Bo, klatrar dei opp til jordas overflate for nye oppdagingar. Her ventar mange morosame opplevingar og eventyr. Elfrid blir god venn med den til vaneleg grinete bakaren Theo, noko som minner husnissane på deira sanne formål i livet: nemleg det å hjelpe andre!

10 - P - Husnissene.jpg