07 - P - GodKone_300x500.jpg

Hvordan bli en god kone

Frå regissøren av "Violette", "Seraphine"  og "Jordmoren".
Martin Provost har laga ei varm komedie om kvinnefrigjering.

 

”Binoche er uimotståelig. En vidunderlig, vellagd beskrivelse av de siste 50 års kamp for kvinnefrigjøring, og det faktum at individuell frihet er alltid vesentlig for ’å finne sin plass i verden’ ”             Fabien Lemercier, CINEUROPA

 

"En fransk komedie som gjør narr av kvinnerollen i den tradisjonelle franske samfunnet, med en særdeles opplagt Juliette Binoche i hovedrollen.”  TARA

----

Tre av Frankrike sine mest tiltalande ’leading ladies’ – Juliette Binoche, Noémie lvovsky og Yolande Moreau – er stjernene i HVORDAN BLI EN GOD KONE, den lenge venta nye komedien frå César-vinner Martin Provost (Séraphine, Violette og Jordmoren).

Det er 1967. Den feilfrie og moralsk høgverdige Paulette Van der Beck (Binoche) og ektemannen Robert dreiv Van der Becks Husmorskule i Alsace i over to tiår. Til å hjelpe seg har dei Paulette si eksentriske stesøster Gilberte (Moreau) og skulens kommunist-frykta eks-motstandsbevegelse-nonne Marie-Therese (Noémi Lvovsky, som stel alle scener ho er med i). Oppgåva deira er å gjere tenåringar om til perfekte husmødre; i ei tid då kvinner er forventa å bli nettopp det, og ikkje ynskjer seg noko meir. Etter ei ulykke som sender skulen ut i kaos, oppdagar Paulette at skulen er på randa av konkurs. Ho vert tvinga til å ta kontroll for å prøve å redde skulen, og då møter ho sin første store kjærleik i rolla som den lokale banksjefen. Han gjer alt han kan for å få Paulette tilbake, inkludert nokon ikkje heilt stuereine transaksjonar.

I mellomtida held samfunnet på å forandre seg rundt dei. Kvinner vil ikkje lenger finne seg i å bli sett på som mindre verdt enn menn, og ei protestrørsle brer seg over nasjonen. Også elevane på skulen er smitta av dette, og utfordrar skule-leiinga.

Det tar ikkje lang tid før heile gruppa er inne i ein prosess som vil forandre livet deira for alltid.

 

}