03 - P - Jeg ser deg.jpg

Jeg ser deg

Kvart år vert rundt 1500 personar etterlyst i Noreg. Nokre av dei blir aldri funne.

I dokumentaren JEG SER DEG blir Michael Winger kontakta av pårørande, som er på leiting etter sakna familiemedlemer. Ved hjelp av intuisjon brukar Winger sansane sine for å finne sakna personar, personar som politi og leitemannskap har gitt opp å finne. Han prøver å komme i kontakt med minner og kjensler som prega dei sakna før dei forsvann, og jobbar med sin sterke intuisjon for å peike ut ca kvar dei har teke vegen.

Winger har hjelpt fleire familiar med å finne sine kjære, men mange utanforståande er framleis skeptiske og i media møter han motstand. I «Jeg ser deg» blir vi vitne til korleis  Winger jobbar gratis og dokumenterer funna sine systematisk, i håp om at han etter kvart  vil kunne overtyde samfunnet om at det finns sider ved menneska sin natur som enno ikkje er kartlagt.