DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 24 okt 18:30 John - den siste norske cowboy 120 STORSALEN (A)U/V Film Kjøp billett
on 27 okt 20:15 John - den siste norske cowboy 120 LISJESALEN (A)U/V Film Kjøp billett
to 28 okt 16:15 John - den siste norske cowboy 120 LISJESALEN (A)U/V Film Kjøp billett

John - den siste norske cowboy

Som son av ein norsk innvandrar, har John blitt lært opp til å arbeide hardt og leve nøysamt. Men livet på ranchen er det einaste han vil, og han finn glede i både naturen, dyra og dei daglege oppgåvene på ranchen. John kastar aldri noko, og har ei rekkje gamle bilar og traktorar på eigedomen sin, som han på mirakuløst vis klarer å holde i gang.

Kvar dag snakkar han med sin beste ven, Jim. Venskapet går 75 år tilbake, og dei har ingen løyndomar for kvarandre. John er ein forsiktig kar som har lite erfaring med damer og det søte liv. Jim har testa ut alt – «og meir enn det», men trass ulikskapen mellom dei, er venskapet sterkt, og Jim er den viktigaste personen John har i livet.

 

 

 

 

 

John har eit mål om å leve og arbeide til han er 100 år, og meiner at kvar generasjon har eit ansvar for å forvalte jorda slik at den er i betre stand enn då dei kom. Gjennom åra har mange rikfolk kome med tilbod om store summar for eigendomen hans, men John vil ikkje selje. Hans lukke og velstand ligg i fridomen til å arbeide på eiga jord, og det einaste han tel er kvar ny morgon han kan stå opp og finne ut kva livet har å by på.

Gjennom Frode Fimland sitt stillfarne portrett av ungkaren John, får vi eit innblikk i eit levesett som høyrer til generasjonane før oss. Mykje har endra seg til det betre dei siste hundre åra, men kva har vi mista på vegen?

 

10 - P - John_Poster_27x40_NO_Screen_v2_02.jpg