12 - P - Jojo Rabbit.jpg

Jojo Rabbit

Dette er ei fargerik nazisatire der regissør Waititi sjølv sjarmerer oss i senk med si komiske tolking av Føraren. JOJO RABBIT fekk publikumsprisen på Toronto International Film Festival i 2019.

Å lage satire av det grufulle som skjedde i Tyskland under 2. verdskrigen har vore gjort før, men regissør Taika Waititi gjer det på sin eigen bittersøte måte i denne svarte komedien. 10 år gamle Jojo er fanatisk opptatt av å bli ein ekte nazist i Tyskland under 2. verdskrigen. Han er entusiastisk når han kastar knivar og brenn bøker på nazistane sin ungdomsleir, men blir avslørt som lite blodtørstig når han ikkje klarer å drepe ein kanin. Heldigvis har Jojo selskap av sin tullete og sprø fantasivenn - Hitler, her spela av regissøren sjølv, Waititi. Å vere ein fanatisk jødehatar viser seg å ikkje vere så enkelt når Jojo oppdagar at mora (Scarlett Johansson) har gøymt ei jødisk jente på mørkeloftet.

}