04 - P - Journal 64.jpg

Journal 64

Thrilleren 'Journal 64' er den fjerde film basert på Jussi Adler-Olsen sine bestseljar bøker om Afdeling Q.

Nokre handverkarar gjer eit uhyggeleg funn i ei eldre København-leilegheit: bak ein falsk mur i leilegheita sit tre mumifiserte lik rundt eit spisebord, og ein ledig plass ventar. Carl Mørck og assistenten, Assad, i politiets Avdeling Q, blir sett til å finne ut kven mumiane er og kven den fjerde plassen er tiltenkt. Carl og Assad går på jakt etter bebuaren, og finn spor tilbake til den berykta kvinneanstalten på Sprogø, der vanskjøtsel og medisinske eksperiment med tvangssterilisering var ein fast del av kvardagen for dei innlagde, såkalla utuktige jenter. Redsla på Sprogø er eit tilbakelagt kapittel i Danmarkshistoria, men det dukkar opp personar som seier at eksperimenta heldt fram heilt opp til vår tid. Carl og Assad må vinne eit kappløp mot tida for å hindre fleire mord og overgrep.