DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 29 nov 16:00 Jul på Kutoppen 120 LISJESALEN Alle Film Kjøp billett

Jul på Kutoppen

sø 29 nov16:00120

Kjøp billett

Jul på Kutoppen

Bykalven Klara skal feire jul på Kutoppen for fyrste gong og har store forventningar til kva som møter henne der oppe. Skuffelsen blir stor då pappaen Mosk ikkje bryr seg om jul, og ikkje har gjort i stand noko som helst. Mosk blir tilkalla på snømakeoppdrag, og då han blir sitjande vêrfast på hytta til den ufordragelege Pauline, tek Klara og bestevenen hennar, Gaute, og bestemmer seg for å lage ei fantastisk jul på Kutoppen for å overraske pappaen til han kjem attende.

Men korleis lagar ein ei perfekt jul? På Sætra bur det ein ekte juleekspert, den tverre geita Bærnt. Men Bærnt er så oppteken med sine eigne tradisjonar, og å vere ufriviljug vertskap for den alternative høna Chickolina, at han ikkje har tid til å hjelpe Klara og Gaute.

Klara oppsøkjer i staden fjøsnissen som gøymer seg på låveloftet. Klara lagar graut til nissen for å få han til å hjelpe henne, men det Klara ikkje veit er at Nissen blir klin kokos dersom han får graut før julaftan. Klara og Gaute må finne ein måte å stoppe Nissen på før han legg heile garden i ruinar, og før Mosk kjem heim og oppdagar julekaoset Klara har stelt i stand...

11 - P - Jul på KuToppen.jpg