09 - P - Kaptein Sabeltann.jpg

Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant

Ein svolten guttunge på flukt, ein livsfarleg jungelfyrste og sjølvaste Kongen på havet i eit eventyrleg kappløp om få tak i den magiske diamant.

Den livsfarlege jungelfyrsten Maga Kahn og den fæle dronning Sirikit har endeleg fått tak i den magiske diamant. Ryktet seier at den kan oppfylle ynskje ved fullmåne. Maga Kahn drøymer om å kunne tåle sol slik at han fritt kan kome seg ut av den mørke jungelen, men innan måneskinet kjem blir diamanten stolen av guttungen Marco. Ein rasande Maga Kahn sender alle apesoldatane sine ut i jungelen for å jakte på Marco. Den magiske diamant må attende, koste kva det koste vil. Samstundes har Pinky slått seg til ro i Kjuttaviga og lever bekymringslause dagar, medan Sunniva kjedar seg og drøymer om eventyr. Eventyret kjem frå ein uventa kant når Kaptein Sabeltann og karane hans brått dukkar opp. Snart er Pinky og Sunniva om bord på Den Sorte Dame i eit vanvittig kappløp for å finne den magiske diamant.