06 - P - King of.jpg

King of Staten Island

Scott (Davidson) var sju år då faren døydde i jobben som brannmann, og har sidan den gong levd eit liv med minst mogeleg innsats. Han er no i midten av 20-åra, har oppnådd minimalt, og drøymer framleis om å bli tatovør. Den ambisiøse veslesystera (Maude Apatow) reiser av garde til college, medan Scott bur heime hos mora (Marisa Tomei) og brukar dagane til hasj og kompisar – og ein hemmeleg flørt med barndomsvenninna (Bel Powley).

Først når mora får eit forhold til den brautande brannmannen Ray (Bill Burr), følgjer ei rekkje hendingar som tvingar Scott til å bearbeide sorga og ta sine første, forsiktige steg vidare i livet.