07 - P - Knerten og sjøormen.jpg

Knerten og sjøormen

I den nye filmen om Knerten (300 ½ år) og Lillebror (7) får vi vere med på verdas beste sommarferie på den magiske sommarøya til Tante Thea, og vi blir kjende med Eddy (8) og den sjølvutnemnde sjøormeksperten Blegen (omkring 40). Nokon har sett ein sjøorm i fjorden, og Blegen treng hjelp til å finne den.

 

Men Knerten er skeptisk til både Eddy og Blegen. Sjøormar trur han ikkje på, og Eddy forstyrrar den planlagde svømmeopplæringa. Då Lillebror vil på sjøormjakt vil ikkje Knerten vere med, for Knerten vil ha Lillebror for seg sjølv. Men kva om sommaren med Eddy blir tre gongar så gøy? Og kva om dei klarer å hjelpe Blegen med å bevise at sjøormen faktisk finnast? Havet er jo så stort at ingen veit kva som finnast der nede - ikkje ein gang Knerten! Saman legg dei ut på ei spanande jakt som gjer sommarferien deira til den mest eventyrlege nokonsinne!