09 - P - Knutsen.jpg

Knutsen & Ludvigsen 2 - Det store dyret

Knutsen & Ludvigsen er tilbake på kinolerretet!
Livet går sin trivelige gang i tunnelen til Knutsen, Ludvigsen og Grevlingen. Eit liv med song, syltetøy og vennskapleg småkjekling. Men ein dag får dei besøk av den strenge Konduktøren som vil kaste dei ut. Tunnelar er for tog, ikkje for menneske. Men Knutsen & Ludvigsen får ein idé: bestefaren til Knutsen, den legendariske sjørøvaren Kaptein Knutsen kan vel ordne opp! Men kvar er han?
Leiteaksjonen tek bestevennane med til dei utrulegaste stadar, og kor enn dei reiser, ender dei opp i trøbbel – det vere seg med svoltne isbjørnar, ekstreme lakrisbåtar, aggressive kjerubar og utgått årgangstran. Men det vil vise seg at redninga ligg overraskande nær, heime i tunnelen, og den har hundre hovud og meir enn fjorten bein...