10 - P - Leonardo  58391.jpg

Leonardo - The Works

Kino Førde i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag inviterer til Kunst på Kino både i oktober og november. Først gledar vi oss til å dykke ned i livet og verka til renessansekunstnaren Leonardo da Vinci! Etter fem århundre vil ein kanskje tru at ein veit alt som er å vite om Leonardo. Mange galleri og museum starta eit arbeid 500 år etter han var død, til å restaurere, konservere og analysere verka hans på ny. Nye avsløringar dukka opp. Len deg tilbake og bli med på ei livsreise i måleria og sjå måleria som du aldri har sett dei før
Kunstverka til Leonardo da Vinci er utan like og her ser vi nærare på både teikningar og måleri. Verka inkluderer The Mona Lisa, The Last Supper, Lady with an Ermine, Ginevra de’Benci, Madonna Litta, Virgin Rocks og fleire andre.

OBS - filmane har berre engelsk tale og engelske undertekstar