DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 23 jan 16:30 Lise & Snøpels - Venner for alltid 120 LISJESALEN 6 år Film Kjøp billett

Lise & Snøpels - Venner for alltid

Lise & Snøpels - Venner for alltid

Bli med på ein uforgløymeleg og magisk reise med Lise Mus og Snøpels Rev! Ei vakker og spannande historie om eit usannsynleg vennskap som du seint vil gløyme.

 

Etter ein nokså uheldig hending nede på jorda, er ei hissig lita mus ved namn Lise Mus seg plutseleg i dyrehimmelen. Etter kort tid treff Lise Mus på den sjenerte reven Snøpels Rev. Men kor har ho sett han før? Aha! Det var han som jaga ho ut i vegen, så det er sjølvsagt hans skyld at dei begge har hamna her! Av naturlege årsaker kunne dei to aldri blitt vener nede på jorda, men for å lykkast på reisa gjennom denne merkelege nye verda så blir dei to naturleg fødde fiendane tvungen til å jobbe saman. Og i dyrehimmelen, der dyr ikkje lenger kan ete kvarandre og kor dei er frigjort frå sine naturlege instinkt, oppdagar Lise kor mykje ho faktisk har til felles med Snøpels. Saman legg dei ut på eit fantastisk og uforgløymeleg eventyr, og på vegen utviklar dei eit ganske så vakkert og usannsynleg vennskap.

 

«Lise & Snøpels – Venner for alltid» er ein rørande film om håp, mot og vennskap, om å overvinne sine frykter, og at alt ikkje nødvendigvis er som du trur.

 

Filmen blei tatt ut til official selection i Annecy i år, den var nominert til beste animasjonsfilm i European Film Awards, og har vunne ei rekke prisar på festivalar verden over.

 

01 - P - Lise & Snøpels S.jpg