12 - P - Love Actually C.jpg

Love Actually

Statsministeren (Hugh Grant) fell hovudstups for ein av sine tilsette (Martine McCutcheon) i det augneblinken  han inntar Downing Street 10. Ein forfattar (Colin Firth)"rømmer" til Syd-Frankrike for å lekje sitt knuste hjarte, og finn kjærleiken i ein innsjø. Ei trygt gift kvinne (Emma Thompson) har mistanke om at ektemannen (Alan Rickman) er i ferd med å gli frå ho. Ei nygift kvinne (Keira Knightley) feiltolkar signala ho får frå brudgommen sin beste ven. Ein skulegut prøver å vinne merksemd hos den mest uoppnåelege jenta på skulen. Ein enkemann og stefar (Liam Neeson) prøver på nytt å bli kjend med sonen som brått vart ein framand. Ein kontorsjef (Laura Linney) prøver å gjere noko med avstandsforelskelsen på kontoret. Og ei aldrande rockestjerne (Bill Nighy) som har "sett det meste" håper på eit comeback seint i karriéra.