04 - Lykkelige Lazzaro BB.png

Lykkelige Lazzaro

Nokre gonger kan ein film treffe deg på ein måte det er umogleg å forutsjå. Noko blir rørt djupt inne i deg, noko som overgår alle preferansar og merkbare sanseinntrykk. I eit par timar kan du forlate din eigen kropp og nesten gløyme at du eksisterer. Lukkelege Lazzaro er ein slik film.

Vi er på ein udefinert stad på den italienske landsbygda, i eit tidlaust miljø isolert frå omverda. Ein eksentrisk bøling menneske jobbar på tobakksplantasjen Inviolata, der den overdådige Luna-familien styrer med hard hand. Blant arbeidarane finn vi Lazzaro. Han er ikkje som alle dei andre. Det uskuldsreine ansiktet og den naive framtoningen talar nærast om noko engleaktig, noko løfta over menneska sine elles grådige vesen. Når eit uventa venskap med herskapet sin utsvevande son Tancredi startar å ta form, viser det seg at det er mykje ved denne guten som overgår vår oppfatning av kva som er verkeleg.

Lykkelige Lazzaro vann prisen for beste manus i Cannes, og er regissert av Alice Rohwacher.